Kva er arbeid med Bistand?
Arbeid med Bistand
(AB) er eit arbeidsmarknadstiltak og eit av NAV kontoret
sine verkemiddel i attføringsarbeidet.
Retningslinjene seier at; "formålet med tiltaket er at yrkeshemmede arbeidssøkere skal kunne få og beholde et arbeid i ordinært arbeidsliv.
Dette skal skje ved at tilretteleggere i Arbeid med Bistand yter nødvendig bistand til den yrkeshemmede og den arbeidsplassen hvor vedkommende er utplassert.
For yrkeshemmede arbeidssøkere som har trygdeytelser er det et mål at deltakelse i tiltaket reduserer trygdeytelsene over tid ved at dellønn/lønn gis av arbeidsgiver".
AB skal såleis bidra til at personar med yrkeshemming, som stiller ekstra svakt i konkurransen om arbeidsplassar, kan oppnå ein gradvis og aukande integrering og normalisering i ordinært arbeidsliv.
Arbeid er ein grunnleggjande rett som alle menneske har. Likevel har ikkje alle hatt same høve til å få arbeid i det ordinære arbeidslivet. Tradisjonelt har samfunnet brukt mykje ressursar på å skilja dei "arbeidsdyktige" frå dei "arbeidsudyktige".
I AB vert ikkje arbeidssøkjarane vurderte som "dyktige" eller "udyktige", det er heller snakk om å vurdera kva behov for bistand den einskilde har for å kunna fylla ein arbeidsplass. Fokus vert lagt på arbeidssøkjar sine ressursar, ikkje hindringar.
For at ein person skal kunne verta deltakar i AB må han/ho vera registrert hjå NAV kontoret som arbeidssøkjar.
Kriteria for å koma inn i AB er at personen er motivert for arbeid og at han/ho treng hjelp til å få og til å behalda ein jobb.
Personar som har arbeidsavklaringspengar, mottek sosialstønad eller går på sjukepengar kan alle søkja via NAV om opptak i AB.