Kvalitetspolitikk

Kvalitetsmål: (langsiktige)

Luster Arbeidssenter skal gjennom tilrettelagte arbeidsforhold legge grunnlag for personleg vekst og utvikling for menneske med behov for bistand for å kome/vere i arbeid. Arbeidstilbodet skal vere tilpassa den enkelte sine føresetnader og behov.

Luster Arbeidssenter har som målbare indikatorar:
  • Fornøgde deltakarar.
  • Oppnådde mål for deltakarane.
Luster Arbeidssenter skal vere ein viktig samarbeidspartnar og arbeide etter dei krav som er sett frå NAV lokalt og på fylkesnivå.
Luster Arbeidssenter skal oppretthalde eit godt samarbeid med det lokale næringslivet og kommunen.
Luster Arbeidssenter skal ha eit triveleg og godt fagleg arbeidsmiljø.

Intensjonar/planar for å nå desse måla:
  1. Som tiltaksarrangør skal Luster Arbeidssenter gi hensiktsmessig og nødvendig bistand med sikte på integrering av yrkeshemma i ordinært arbeidsliv.
  2. Luster Arbeidssenter har som mål at alle deltakarar skal få individuelt tilpassa tilrettelegging slik at dei får brukt sine evner og ressursar for å nå måla som er sett for tiltaket.
  3. Luster Arbeidssenter skal ivareta brukarmedverknad hjå den enkelte arbeidssøkar, ved at den enkelte i tiltaket får vera aktivt deltakande i heile prosessen.
  4. Bistanden frå Luster Arbeidssenter skal skje i samråd med kravsspesifikasjon og retningslinjer frå NAV.
  5. Luster Arbeidssenter må kontinuerleg arbeide med å skape gode samarbeidsrutinar med aktuelle samarbeidspartnarar som NAV lokalt og fylkeskommunalt, 1. og 2.linjeteneste.
  6. Luster Arbeidssenter har som mål å levere/utforme skriftlege dokument av høg fagleg kvalitet.
  7. Luster Arbeidssenter har som mål å oppretthalde/skape god kontakt med det lokale næringslivet/bedrifter og kommunen med tanke på å finne gode arbeidsplassar for personar i tiltaket.
  8. Luster Arbeidssenter har som mål å vere fagleg oppdatert og tilby tilsette kompetanseutvikling ut frå marknadsbehovet og for å ivareta sine arbeidsoppgåver.