Yrkesetiske retningslinjer

Bakgrunn
Luster Arbeidssenter AS har som formål å utvikle menneske.

Vårt viktigaste mål er å gi yrkeshemma moglegheit til å få og til å behalde arbeid i det ordinære arbeidsliv.

Verdigrunnlag
Me skal respektere det enkelte mennesket sin integritet og eigenverd uavhengig av sjukdom eller helseproblematikk.
Eit heilskapleg menneskesyn er ein viktig føresetnad for kvaliteten på tilbodet Luster Arbeidssenter AS tilbyr.
Me skal respektere ulike fysiske, psykiske og åndelege behov.
Tilsette og tiltaksdeltakarar skal samhandle som likeverdige partnarar med ulik erfaring og bakgrunn.
Tiltaksdeltakarar og samarbeidspartnarar skal kunne stole på vår teieplikt og forvente korrekt/sympatisk opptreden frå vår side.

Forholdet til tiltaksdeltakarar
  • Me skal ha som mål å arbeide ut frå deltakarane sitt beste.
  • Me skal være audmjuke ovanfor kvarandre sine behov.
  • Me skal ha fokus på tiltaksdeltakar sine ønskjer og behov.
  • Me skal ikkje opptre krenkjande mot nokon av tiltaksdeltakarane.
Forholdet til kollegaer
  • Me må respektere kvarandre og finne gode løysningar saman.
  • Gjennom å gje kvarandre tilbakemeldingar kan me gjere kvarandre gode.
Forholdet til samarbeidspartnarar
  • Me skal arbeide kontinuerleg for å ha god relasjon til alle våre samarbeidspartnarar.
Forholdet til media
•Kontakt med media skal avklarast med dagleg leiar/styret.

Vedteke på styremøte 29.09.09.